|
tirsdag 18. november 2008 |

Jaktar på gokarstykkjo
Hallgrim Hansegård førebur i desse dagar eit nettbasert kurs i gokarstykkjo, karstykke eller "gamle idrettsleikar" som mange kallar dei. Han er difor interessert i å koma i kontakt med folk som vil vidareformidle tradisjonelle rørsler eller leikar som utfordrar kroppskontrollen vår.
|
|
mandag 17. november 2008 |
Nordisk meister Olav Mjelva Foto: Kjell Bitustøyl
Suksess for NORD08
Det var historisk sus over det fyrste nordiske mesterskapet i folkemusikk som gjekk føre seg i Sälen i Malung kommune i Sverige i helga. For fyrste gong møttest folkemusikarar frå Sverige, Finland, Danmark og Noreg for å konkurrere om kven som var best. Ideen til konkurransen kom frå Sverige, som har sett mot Noreg for å hente inspirasjon til ei nordisk form for ”kappleik”. Det norske kappleiksystemet er det einaste i Norden med den type konkurranse. Det har ikkje mangla på kritiske røyster til dømes frå Sverige, som ikkje har hatt slike konkurransar sidan ca 1910.
|
|
|
fredag 14. november 2008 |
Folkemusikktimen:
”Hardingfele klasse A” fra landskappleiken 2008
Kappleikene har en gammel historie i Norge og i 1923 arrangerte Landslaget for spelemenn landskappleik for første gang. I Folkemusikktimen skal vi denne gang høre opptak fra eliteklassa i hardingfelespel under Landskappleiken på Oppdal i år. For å få et perspektiv på hvordan presentasjonsformen har endra seg, får vi et par smakebiter fra Landskappleiken på Notodden i 1958 der publikum får det glatte lag fra programlederen på scenen. Han slår hardt ned på ”kviskring og småprating i salen” og nekter å gå videre i kappleiken før det blir stille. Og stille blir det.. Programleder: Leiv Solberg
Folkemusikktimen NRK P2 Søndag 16.november kl. 18.03. Reprise mandag 17. november kl. 21.03.
|
|
|
fredag 14. november 2008 |
Foto: Konrad Dahle, NRK Bergen
100 år sidan Rolf Myklebust vart fødd:
Festkveld i Stryn kulturhus
Frå 1952 til 1978 var Rolf Myklebust fast gjest i dei fleste heimar kvar søndag ettermiddag. Difor har han vorte kalla ”Folkemusikkhalvtimen personleg”. Skreddarsonen frå Stryn fekk tidleg fela som instrument, sidan faren Jakob var god spelemann og i tillegg dyrka den klassiske musikken med sin eigen strykekvartett.
Tekst: Arne M. Sølvberg
|
|
|
fredag 14. november 2008 |
Scene og fonogram:
Tildeling haust 2008
Dei resterande tildelingane frå Fond for lyd og bilde ligg no ute på dette internett. Dette gjeld tilskot til sceneproduksjonar og produksjon av fonogram. Tilskot til norsk folkemusikk, til saman kr. 530 000 finn du under her:
|
|
|
torsdag 13. november 2008 |
Foto: Knut Utler
Folkemusikkscena:
Storm Weather Shanty Choir på turné
I desse dagar er noregs mest kuriøse liveband på ei scene nær deg i regi Den norske folkemusikkscena. I skipssekken har dei den rykande ferske singelen Boney! Gå til www.myspace.com/shantychoir for å høyre! Storm Weather Shanty Choir har gjennom åtte år, tre kritikarroste plater og liveopptredenar i inn- og utland, oppnådd publikumsuksess og stor respekt i både rocke- og folkemusikkmiljø.
|
|
|
torsdag 13. november 2008 |
Pressemelding frå Hilmarfestivalen:
Publikumsrekord
Det ble ny publikumsrekord med 4.700 besøkende på årets Hilmarfestival i Steinkjer. Det vil, sammen med god økonomisk kontroll, gi et økonomisk overskudd, men vi må få litt mer tid på å få fram det endelige resultatet, sier administrativ leder for festivalen, Johan Einar Bjerkem. – Men det vi kan slå fast er at det ble en overveldende kunstnerisk suksess, legger han til. Aldri har det vært mer ros fra publikum og taktfast dundrende applaus enten det har vært "smale konserter", eller de som vi visste ville ha en appell til et bredere publikum.
|
|
|
onsdag 12. november 2008 |
Søndre Trondhjems Spellmannslag Foto: Spellmenn.com
Hurtigruteseilas
Knut Buen, Steinar Ofsdal, Søndre Trondhjems Spelemannslag, folkrockbandet Margfolk, og folkedansprosjektet Lea de er klare for Folkemusikkseilasen på Hurtigruten 22. til 28. mars 2009 med M/S Nordkapp. Turen går fra Bergen til Kirkenes, og er spekket med noen av de beste artistene i landet på folkemusikk og folkedans. Artistene vil gi konserter, foredrag og bidra med spennende stunt langs hele ferden. I tillegg kan man oppleve instrumentverksted, jam med lokale amatører langs kysten, drivende folkemusikkpøbber, varierte dansekurs og humoristiske og melankolske foredrag om folkemusikken- og folkedansen i Norge.
Tekst: Sigurd Johan Heide, prosjektleder Lea de
|
|
|
tirsdag 11. november 2008 |
Spelemannsbladet:
Temanummer om nasjonale minoritetar og urfolk
Frå dei rykande ferske sidene kan du mellom anna lesa dette: Etnisk musikk skapar debatt, skriv sosialantropolog Anne Ellingsen. I denne utgåva av Spelemannsbladet tek ho for seg Rikskonsertane sine satsingar på etniske musikkmøte. ”Samarbeidsprosjekter ser ut til å være mer populære blant organisatorer og produsenter enn blant musikerne,” skriv ho.
|
|
|
tirsdag 11. november 2008 |
|
Søknadsfrist 15. november:
Utstyrsordninga / Musikkverkstedordninga
I løpet av 18 år har Musikkverkstedordninga (MVO) tilført folkemusikkrekrutteringa rundt 28 millionar. No blir MVO omorganisert og slått saman med Norgesnettet til den nye Utstyrsordninga. Midlane er lyst ut med søknadsfrist 15. november, og du må søkje online. Utlysinga skjer med atterhald om stortinget si godkjenning av budsjettet og det er diverre ikkje endeleg avklare korleis den nye utstyrsordninga skal handtere søknader om opplæringsmidlar.
|
|
|
mandag 10. november 2008 |
|
Lindemanseminar og konsert
29. november arrangerer Norsk kvedarforum konsert og seminar om Ludvig Mathias Lindeman i Oslo. Føredragshaldarar er Dagne Groven Myhren som skal prate over temaet "Kven var Lindeman? Almuens natursang og salmesangstriden", og Agnes Buen Garnås som skal prate om Lindemans betydning for folkevisene. Draumkvedtonar, kjende og ukjende balladetonar. Vidare skal Ingvill Marit Buen Garnås prate om Lindeman sitt møte med Hjartdalsbygdene - religiøse mot-og medkrefter og Øyonn Groven Myhren om Lindemans møte med Oslobygdene. Kven syng «gamlast» i byen i dag? På kvelden blir det konsert. Les meir på nettsidene til Norsk kvedarforum.
|
|
|
fredag 07. november 2008 |
Buen og Balchen mot omorganisering
Avisa Varden i Telemark hadde i går ein reportasje om omorganiseringsplanane i folkemusikkNorge. Bernt Balchen, som i si tid var med å starte NFD og spelemannen Hauk Buen går her sterkt ut mot fokuset på samspel og arrangert musikk, og meiner omorganiseringa ytterlegare vil svekke arbeidet organisasjonane gjer for hardingfele og dansen. Styreleiar i NFD avviser at hardingfela og slåttetradisjonane vil lide av omorganiseringa. Førstkomande laurdag arrangerer motstandarar møte i Bø. Les artikkelen her.
|
|
|
fredag 07. november 2008 |

Folkemusikktimen sundag:
-Einaste instrumentet som interesserte meg…. - feminine feler
Felene møtest kl 08.30 i Bø om morgonen etter nachspiel… om nokre få timar er det konsert! Kjensler, latter og eggjande rytmar så du ikkje klarer å sitje stille. Repertoaret er i spennet mellom Catriona sine rilar frå Shetland og Benedicte sine slåttar frå Hardanger. Solo, samspel, tradisjon og nye komposisjonar.
|
|
|
torsdag 06. november 2008 |
Foto: Tor Kornstad
Barne- og ungdomssamlinga i Buskerud
Helga 25. og 26. oktober var det BU-samling på Prestfoss. Arrangørane kan melde om ny rekord for deltaking: 105 deltakarar frå 6-19 år var med. I tillegg til instruksjon i dans, kveding og diverse instrument (fele, hardingfele, torader, langeleik, lur, seljefløyte, sjøfløyte og munnharpe), var det laurdag ettermiddag tilbod om nysirkus, svømmehall og ridning på Islandshest. Samlinga blei avslutta søndag med sjokoladekappleik der alle deltakarane på samlinga deltok.
|
|
|
|